|
NYTT KØYREMØNSTER PÅ SOLSETER
Styret i langrennsgruppa har i møte med grunneigarane og Statens Vegvesen, kome fram til ein avtale om køyremønster
på Solseter. Kort fortalt betyr det at du køyrer opp og rundt "kafeen" når du kjem til Solseter. Når du skal heim kan du
køyre ned den private vegen frå parkeringsplassen. Langrennsgruppa oppfordrar alle brukarar av anlegget
om å respektere avtalen.
SJÅ INFO OG KART HER
GOL OG HALLINGDAL MARKERTE SEG KRAFTIG I KM
Det vart eit fantastisk KM for Gol og Hallingdal i helga. Emil I. Brøto og Emilie Fleten sørga for i alt tre KM-titlar. I tillegg hanka både Nesbyen, Hemsedal, Hol og Geilo inn sigrar. Hallingdal er BEST! Emil kunne, som Emilie ha teke to titlar men hadde ikkje marginane på si side søndag, og var ni sekund bak vinnaren Petter Bergmann. Laurdag var Emil klart best, og vann med 17 sekund i klassisk. Emilie var og heilt suveren. Ellers gjorde Kari Rese Magnetun og Liv Birgit Jorde gode prestasjonar, medan Jonas Køso Svarstad og Morten Rese gjorde det svært sterkt laurdag.
Resultat KM: KLASSISK FRISTIL
EMILIE HEILT I NOREGSTOPPEN
Emilie Fleten er endeleg skikkeleg i gang med langrenns-sesongen .Under Noregs-cupen på Lygna (ved Raufoss) markerte ho seg sterkt som den
beste løparen rett etter dei aller beste. Imponerande var det og at ho var like god i fristil og klassisk , med hv. sjette- og åttandeplass.
Resultat Norgescup Lygna :FRISTIL KLASSISK
DOMINERTE EGGEDALSRENNET
Fleire løparar frå Gol deltok i Eggedalsrennet laurdag (7/1). Deltakinga i klassane Golingane deltok i var brukbar, og dei gjorde nesten reint bord. I J-14 tok Kari Rese Magnetun ein sterk 2. plass på ei god tid.
I G-14 vann Emil Intelhus Brøto suverent, medan Ola F. Smaaberg følgde opp med ein fin 4. plass.
G-15 vart vunne av Jonas Køso Svarstad føre Morten Rese. Flott! Inga Køso Svarstad debuterte som konkurraseløpar, og gjorde ein flott innsats.
RESULTAT EGGEDALSRENNET

EMIL HERJAR - I LANGRENNSLØYPENE!
Emil Intelhus Brøto er nesten like vanskelig å møte som namnebroren
som nettopp passerte oss sovidt. Han har hevda seg i toppen i alle løpa han har delteke i denne sesongen. Fleire andre Golingsløparar viser og gode takter, noko som lovar godt for sesongen.
Resultatlister: Konnerudrennet Ribberennet Nyttårsrennet Beito
GOLRENN MED REKORDDELTAKING
Golrennet 2011 vart ein
kjempesuksess. Heile 273 konkurransesvoltne
deltakarar gjorde rennet til ei flott oppleving. Av våre løparar, var
det
også denne gongen Emil Intelhus som gjorde det best med ein
andreplass
i ei knallhard klasse i gutar 14 år.
RESULTATLISTE GOLRENNET 2011
NY TERMINLISTE FOR BUSKERUD
Terminlista for Buskerud komande sesong er
klar. Den inneheld og turløp,
samt Norgescup og NM. Nokre andre større
renn er og med. Lista vil bli liggande i
høgre kolonne på nettsida gjennom sesongen.
SJÅ TERMINLISTA HER
FACEBOOK-GRUPPE FOR AKTIVE LØPARAR
Det er oppretta Facebook-gruppe for aktive løparar. Bli med og
følg med på små og store hendingar.
Lenke til Facebook-sida
VIKTIG INFO
OM SKI-LISENS
Norges Skiforbund har sendt ut ny
informasjon om skilisensen for sesongen
2011-2012. Dette er svært viktig informasjon for dei aktive løparane
våre. Les nøye! Info er og sendt på e-post.
Info om ski-lisens
BASIS/BARMARKSTRENING
TYSDAGAR
HUGS
basis/barmarkstrening tysdagar på Gol skule
kl. 19.00. Tilbodet er ope for alle interesserte frå 11 - 50! år.........
NB! RULLESKITRENINGA TORSDAG KL 19.00 BLIR FLYTTA TIL ECO ETTER
HAUSTFERIEN
SJÅ SKRIV HER!
SJÅ NY AKTIVITETSPLAN HER!
FLOTT AVSLUTNING FOR TYSDAGSRENN

Tysdag 12. april var det premieutdeling for tysdagsrenna 2010-2011 på Vonheim. Masse folk
hadde møtt fram, og premie vart det på alle. Klassane
11 og 12 år fekk og medaljar for klubbmeisterskap i klassisk og
fristil.
Dei 11 renna har i gjennomsnitt hatt 100 deltakarar. 179 personar har
gått eitt eller fleire renn, og det er i alt registrert heile 1089
startar!
Dersom nokon ikkje har fått premie - ring Stein Hefte på 91866729 -
så blir det nok ei råd. Takk for i år!
UNGDOMMENS HOLMENKOLLRENN
2011
(TRYKK HER FOR VIDEO)
Ungdommens Holmenkollrenn gjekk av stabelen i helga. Alle
løparane våre presterte opp mot sitt beste. Aller høgast på lista kom
Emil Intelhus Brøto med ein knallsterk
sjetteplass på 3 km klassisk. Jonas Køso
Svarstad overraska og med ein flott 29. plass i fristil søndag.
Ellers som sagt - kjempebra innsats!
RESULTAT UNGDOMMENS HOLMENKOLLRENN KLASSISK
RESULTAT UNGDOMMENS HOLMENKOLLRENN FRISTIL
KLUBBMEISTERSKAP I VÅRSOL!
Det var vårsol og flotte forhold når langrennsgruppa arrangerte
klubbmeisterskap i fristil tysdag denne veka. Dei 53 løparane ytte og
sitt aller beste. Vel i mål fekk dei yngste medalje, og alle fekk nygrilla pølser og saft. Det var flest deltakarar
i dei yngste klassane, og nesten ingen i dei eldste. Det er ei
utfordring for langrennsgruppa!
RESULTAT
KLUBBMEISTERSKAP FRISTIL 2011
EMILIE NUMMER SEKS I NC-FINALEN !
I dag (søndag 27. mars) gjorde Emilie Fleten
ein av sine sterkaste prestasjonar i karrieren. I den knallharde
klassen sin (J.19/20) vart ho nummer seks på 5+5 km pursuit (skibyte).
Utruleg bra! Godt gjekk og Rannveig Jegleim
som vart nummer 13. Flott avslutning på sesongen! Ingen av dei nådde
heilt opp på sprinten laurdag. Pål var heller ikkje heldig laurdag,
med ein plass langt bak i køen på 50 km fristil (NM).
RESULTAT NORGESCUPFINALEN
PURSUIT
FLOTT LANGRENNSHELG PÅ GEILO!

foto: Reidun Storeli Rese
Geilo IL sto som arrangør
av ei flott langrennshelg - 26. - 27. mars.
Laurdag gjekk løparane duatghlon (skibyte), medan det var jaktstart på søndag. Dei
yngste løparane gjekk to vanlege renn.
Nok ein gong var det Emil Intelhus Brøto
som gjekk sterkast av løparane våre. Etter ein klar siger laurdag,
auka han berre avstanden til konkurrentane på jaktstarten søndag.
Kari Rese Magnetun,
Morten Rese og Ola F. Smaaberg
gjorde og sine saker bra. I dei yngste klassene var Ingrid Jøtun Fauske einaste deltakar frå Gol, men ho
gjekk også svært bra!
Resultat geilorennet laurdag
Resultat Geilorennet jaktstart søndag
GOD SPRINT-HELG FOR GOLINGANE
Sist helg var fleire golingar på
sprint-KM i Spikkestad. Som "vanleg" vart det
fleire gode resultat på løparane våre. Aller best var Rannveig Jegleim som vart kretsmester. Emil I. Brøto gjorde også sakene sine svært bra, og tok
sølv. Emilie Fleten vart nummer tre og
Morten Rese (biletet) nummer fem i sine
klasser. Samanlagt i Sparebank 1 Cup vart det dobbeltsiger ved
Rannveig og Emilie, medan Emil vart nummer to! foto:
Reidun Storeli Rese
RESULTAT KM SPRINT
FANTASTISK LANGRENNSHELG FOR GOL

Helga 11. - 13. mars 2011 vil lenge stå som ein milepæl for
langrennsgruppa i Gol IL.
For fyrste gong i historia sto ein goling på pallen i eit
verdscuprenn. Pål Golberg sjokkerte alle
med bronse på sprinten i Lahti. Samstundes vart Emil Intelhus Brøto nummer tre i Ungdomsbirken.
Rannveig Jegleim og Emilie Fleten markerte seg nok ein gong i jr-NM.
LES MEIR OM
LANGRENNSHELGA HER
GOL SKICROSS AV STABELEN FOR FYRSTE GONG
Laurdag 5. mars vart fyrste utgåve av Gol Skicross
arrangert. Dermed er det nye skicrossanlegget
vårt "innvia". Dessverre stilte berre 42 løparar til
start. Grunna vinterferie har vi førebels berre med
resultatlista, men vi kjem attende med meir.
RESULTAT GOL SKICROSS
TEKNIKK-KURS FOR DAMER
Gol IL, langrennsgruppa arrangerer
teknikk-kurs for damer. Kurset er i klassisk stil, og er for vanlege turløparar.
Les meir HER om kurset og
for å melde deg på!
STERK SIGER AV EMIL I
SKRAUTVÅLRENNET
Emil Intelhus viste nok ein
gong svært god form forrege helg ved å
vinne Skrautvålrennet klart. Det deltok 19 gutar
i klasse G-13, og Emil var 25 sekund før nummer to! Også Ingrid Jøtun Fauske deltok, og gjorde ein fin innsats i rennet. RESULTAT SKRAUTVÅL
FIN INNSATS AV THEA I HOVEDLANDSRENNET
foto: Knut Oscar Fleten
The Fleten gjorde sine saker svært bra under
Hovedlandsrennet
i Trondheim i helga. Ho starta flott med 5km fristil der ho vart
nummer 51 av i alt 118 løparar, 1.35 bak vinnaren. Sprinten laurdag
gjekk ikkje fullt so bra, noko litt bakglatte ski må ta ein
del av skulda for. Søndag gjekk ho ei god
etappe for Buskerud sitt andrelag, som vart nummer 27 av 59
deltakande lag Fin innsats!
Alle resultat frå Hovedlandsrennet
EMIL VANN PÅ LIATOPPEN 
Emil Intelhus Brøto vart Gols
einaste klassevinnar under Ålrennet og
Showrennet på Liatoppen. For fyrste gong på
fleire år slo han "erkerival" Mathias Skrede i fristil. Dei
andre golingane viste og god innsats under flotte, men litt kalde,
forhold på Liatoppen. Emil, Jonas og dei
andre golingane følgde fint opp under showrennet på søndag. Løparar
frå Gol gjorde seg og sterkt bemerka under Gaurhovdrennet same dag.
RESULTAT ÅLRENNET
RESULTAT SHOWRENNET OG
GAURHOVDRENNET
GOD NORGESCUPHELG PÅ BEITOSTØLEN 
Pål Golberg
vart beste Golings-løpar under norgescupen
på Beitostølen denne helga. Med ein sterk
andreplass på 10 km klassisk bekrefta Pål at han har etablert seg i
sjiktet under landslagsløparane. Emilie Fleten vart best av jentene med ein fin 11-plass i fristil, medan
Rannveig Jegleim vart best av dei to - og nummer 17 på 5 km klassisk.
Resultat laurdag,
klassisk
Resultat søndag, fristil
FLOTTE RESULTAT I MADSH USSPRINTEN
Golingane gjorde seg særs bemerka i Madshussprinten på Biri, laurdag. Emil Intelhus Brøto imponerte stort med siger i prologen. Han
leda og heile finaleheatet, men vart sovidt
slått av ein løpar
i spurten. Utruleg sterkt. Morten Rese
var eit sekund frå A-finale, men var heilt suveren i B-finalen, og
vart nummer 7.
Resultat
Madshussprinten 2011
SVÆRT VELLYKKA HALLINGRENN
Hallingrennet 2011 gjekk av stabelen frå Oset Høyfjellshotell
søndag 6. februar. Omlag 350 konkurranse-
og trimløparar deltok.
Les meir her
RESULTAT HALLINGRENNET
2011
Les meir om
Hallingtrippelen her
GOD OPPSLUTNING OM
KLUBBMESTERSKAP
Heile 58 deltakarar stilte til start i
klubbmeisterskapen i klassisk stil tysdag. Alle ytte sitt aller beste
og susa rundt løypa så fort dei kunne. Spesielt var det mange
deltakarar i dei yngste klassene. Flott!
Her er
resultata frå klubbmeisterskapen
NY TOPPLASSERING I NM - NR
11 I DAG
Stafettjentene
våre, Rannveig, Emilie og Liv Birgit, forbetra seg ein plass frå i
fjor, og vart nummer 11 i årets NM-stafett. Alle tre gjekk gode og
jamne løp, noko som resulterte i den flotte plasseringa. GRATULERER
Resultat NM
stafett
RESULTAT
BROMMASPRINTEN
Brommasprinten
vart arrangert i helga.Gol
stilte med fleire løparar som ordna fleire klassesigrar. Her er
resultata.
PÅL NUMMER FIRE PÅ NM-SPRINTEN
I konkurranse med dei aller beste sprinterane
gjekk Pål Golberg i dag inn til ein
fantastisk fjerdeplass i sprint-NM i
Steinkjer. Vi gratulerer!
Liv Birgit Jorde gjekk og vidare frå prologen som nummer 25!, men møtte overmakta i kvartfinalen. Resultat
sprint-NM, herrer.
Resultat
sprint-NM damer
FLOTT KM-HELG FOR LØPARANE
VÅRE
KM-helga
på Ringkollen og på Kleiva i Hole vart ein suksess for løparane våre.
Både Rannveig og Emilie vart kretsmeistrar, og Emil Intelhus Brøto var nær på laurdag. Thea Fleten og Liv Birgit Jorde kjempa i toppen, og
Morten Rese nærmar seg stadig. To nye
løparar av året, Fredrik Nibstad Støbak og Jonas Køso
Svarstad, debuterte i KM med flott innsats.
RESULTAT KM KLASSISK RESULTAT KM FRI TEKNIKK
OPPSETT HALLINGDALSKARUSELLEN
Oppsettet for
Hallingdalskarusellen er klart. Nytt av året er mellom anna at
Golsfjellet Rundt startar ved Oset Høyfjellshotell. Sjå og linken til "HALLINGTRIPPELEN" der du mellom anna kan melde
deg på til Golsfjellet Rundt!
SJÅ OPPSETT
FOR HALLINGDALSKARUSELLEN HER
SKILEIK PÅ TYSDAGSRENNET
Som
vanleg er det skileik for aldersgruppa 8-12 år kvar tysdag, kl.
17.30 - 18.30. Lars ventar på dykk ved tidtakarbua! Skileiken
er ein del av tysdagsrennet - meld dykk på som vanleg.
NYE STARTNUMMER FRÅ MONTÉR
Langrennsgruppa har fått nye startnummer frå Montér.
Dei nye startnummera har, i tillegg til Montér-logo
og nummer, fått påskrive namnet Solseter.
Langrennsgruppa er svært takksame for gåva, som har ein verdi på
20-25.00 kroner!
EMIL OG RANNVEIG VANN PÅ
ÅRBOGEN 
Emil Intelhus Brøto og
Rannveig Jegleim vart klassevinnarar i Årbogensprinten i dag, laurdag. Dei andre
Golingane gjorde og flotte løp!
RESULTAT
ÅRBOGENSPRINTEN
FLOTT GJENNOMFØRT
NORGES-CUP
Norgescupen på Liatoppen heldt fram laurdag
(sprint) og søndag. Laurdag i snø og litt
gufne forhold. Søndag skein sola, og temperaturen steig nokre grader.
Laurdag tok Rannveig Jegleim seg til kvartfinalen, men vart slått ut
der. Fin prestasjon. Søndag var Emilie Fleten
best med ein sterk 13-plass på 10 kilometer
klassisk. Rannveig kom i mål som nummer 20. Lars F. Smaaberg viste og bra framgang på sin 10-kilometer.
RESULTATSIDE
SPAR CUP LIATOPPEN
NORGESCUPEN I GANG PÅ LIATOPPEN
Av dei fire løparane våre
som starta på Liatoppen i dag var det
Emilie Fleten (biletet)
og Rannveig Jegleim som leverte dei beste prestasjonane,
med henholdsvis 14. og 28. plass i
K 19/20. Sterke prestasjonar av begge
19-åringane. For Marthe Hanssen og Lars Fivelstad Smaaberg
vart plasseringane meir
beskjedne, sjølv om begge gjekk fine løp.
KLART FOR NORGESCUP PÅ LIATOPPEN
Mange lokale junior-løparar er klare for Norges-cup (SPAR-Cup) på Liatoppen til helga (7.-9./1). Fjellet IL
arrangerer cupen som strekker seg frå
fredag til søndag. Fredag er det fristil, laurdag
klassisk sprint, og søndag er distansane i
klassisk stil.
NB! Løpa gjeld og som uttak til junior-VM.
MØT OPP og hei fram lokale løparar og norges beste juniorar.
Les meir på
arrangøren sine heimesider
NY
TRENINGS/AKTIVITETSPLAN
Treningsplan
for resten av vintersesongen er no lagt ut (pr. 31.12.10). Sjekk den
nøye! Hugs og oppsett for
tysdagsrenn. Aktive løparar må sjekke terminlistene i høgre rubrikk.
MASKINKØYRDE SKILØYPER PÅ STOREFJELL
Det er no
køyrt opp løype i ei sløyfe på omlag sju kilometer
ut frå Storefjell. Løypene er fine,
men har litt kvist på to parti.
foto: Arne Nibstad
"NYE" SOLSETER SKIANLEGG FERDIG TEIKNA
Det nye skianlegget på Solseter
ligg no ferdig på teiknebrettet. Anlegget er teikna av Pål Rørby, og
blir utan tvil eit flott anlegg når det står ferdig. Skicrossanlegget er planert ferdig i haust og
bygging av varmestove er i full gang. Treningsanlegg for skiskyting er og på plass.
HER kan du
sjå heile biletet av "NYE" SOLSETER
GOLRENNET FLOTT AVVIKLA PÅ GEILO

Per Olav Hagen Hallingstad i full fart mot mål.
Det var heilt til det siste usikkert om Golrennet
kunne gå av stabelen som planlagt. Det gjekk
akkurat. Klokka elleve søndag kraup temperaturen på Geilo opp mot 14
grader.
Ivrige løparar frå Buskerud, Oppland, Oslo og deler av Vestlandet
kunne difor kaste seg ut i løypene med full innsats.
Resultata vart nok litt prega av kulda, og at nokon hadde fått fleire
timar på ski enn andre. Uansett det vart ein flott start på skiseongen for mange.
Fullstendig
resultatliste Golrennet 2010
Resultat PDF
GJENNOMBROT I VERDSCUPEN - NR 12 I SPRINT
Pål Golberg slo gjennom i verdscupen men ein smell i
Düsseldorf i dag, laurdag. Pål vart nummer 19 i prologen, vann si
kvartfinale!!! og leda semifinaleheatet
lenge. Uflaks og manglande rutine øydela kanskje for ein sensasjonell
finale. Uansett, tolvte-plassen i dag vart det store gjennombrotet
for Pål!
INVITASJON TIL KLUBBSAMLING PÅ BEITOSTØLEN!
Det blir klubbsamling for unge og eldre løparar
på Beitostølen laurdag 11. - søndag 12. desember.
Det blir ei flott førjulssamling med fire
treningsøkter, julebord og mykje moro. Les
infobrevet her og meld dykk på innan fredag 26. november!
KLASSISK-LØYPE På Brautemo-vegen!
Frå velinformert hald får vi vite at det no
(29.11) er bra klassiskforhold på Brautemo-vegen (eit stykke forbi Solseter).
OPPSTART BASISTRENING 8-12 ÅR
ENDELEG! er det oppstart
med basistrening for aldersgruppa 8-12 år. Treningane blir på
Hallingdal Folkehøgskule (Skaga), kvar onsdag frå kl. 17.30 til 18.30.
Oppstart onsdag 27. oktober.
LES MEIR HER
ÅPNE KRETSSAMLINGAR
- JUNIOR OG SENIOR
Buskerud Skikrets
arrangerer i sommar og til hausten opne kretssamlingar. Fyrste
samling er i Drammen 17. - 20. juni.
Les meir her
OVERSIKT OVER KOMANDE SAMLINGAR
Det blir arrangert arrangert mange samlingar framover.
Her er ei
oversikt over nokre av dei
VERDIG AVSLUTNING -
ORDFØRAREN DELTE UT ROSE TIL LØPARAR OG TRENARAR!

Det
vart ei verdig avslutning for dei aktive løparane våre på Storefjell Resort Hotel
fredg 23. april. Etter ein knallsesong med
ein dobbel juniorverdsmeister, fleire topplasseringar
i norgescupen og 12-plass i NM-stafetten for damer, låg det an til ei
flott feiring. Og det vart det! Ordførar Olaug var invitert til
festen, og kvitterte med å dele ut ei rose til alle aktive løparar og
trenarane! Som vanleg vart det pizza, brus, kaffe og kaker, og ein bildekavalkade. Takk for ein flott sesong!

VERDENSMESTER
OG KLUBBMESTER!
 
Pål Golberg krona ein stor sesong med å bli
klubbmester sist laurdag. Rett nok var konkurransen liten, men
klubben set stor pris på at du stilte opp, Pål!
Alle løparane deltok med liv og lyst, ikkje minst Thea Flaget
(biletet til høgre).
NB!Det
hadde snike seg inn eirt par feil på den
første resultatlista. No skal alt vere i orden
KORRIGERT
RESULTATLISTE KLUBBMEISTER-
SKAP FRISTIL 2010
Solid avslutning av
Norgescupen
Både
Pål, Emilie og Rannveig leverte gode løp i Norgescupfinalen på Tolga
i starten av påska. Med det sette dei eit verdig punktum for ein god
sesong, der alle tre har vore heilt i Norgestoppen heile vinteren.
Pål enda som nummer 3 samanlagt, Rannveig nummer 8 og Emilie nummerr 9.
Les fullstendige resultat
på sidene til langrenn.com
farTSfylt avslutning
med labb og line!

foto:
Ola Fivelstad Smaaberg
Tysdagsrenna
vat i år og avslutta med Labb og Line-renn.
Under flotte forhold deltok heile 111 løparar med liv og lyst - noko
vi ser av biletet. Etterpå vart det premie,
bolle og saft. Alt arrangert og sponsa av Sparebnk
1.
EMIL
HEILT I TOPPEN I UNGDOMSBIRKEN
Langrennsløparane våre
gjorde ein svært god innsats i Ungdomsbirken
forrege søndag. Best vart Emil Intelhus Brøto, som låg på 8. plass før utforkøyringane
ned til Lillehammer. Han heldt denne plasseringa heilt til mål. Ein
svært sterk prestasjon. Morten Rese, Kari Rese Magnetun, Ola
Fivelstad Smaaberg, Thea Fleten og Eivind Vestenfor
fullførte og dei omlag 17 kilometra på ein flott måte!
RESULTAT G 12
J 12
G 13
J 15
TIL TOPPS I KM SPRINT

Nok ein gong var juniorjentene våre best i Buskerud. Under KM i
sprint på Liatoppen sist helg, vart Emilie
og Liv Birgit kretsmeistrar, medan Rannveig berre var sekundet bak
Emilie.
Fleire andre av løparane vår gjekk knallbra, og har all grunn til å vere fornøgde.
resultat: prolog
finalar
km stafett
bergsjørennet
VERSTASJON PÅ PLASS
PÅ SOLSETER
Med hjelp og støtte
av vår sposor Storefjell
Resort Hotel, er det no på plass ein
avansert verstasjon på Solseter.
Stasjonen er trådlaus og viser temperatur, vid, lufttrykk etc.......
Vi vonar verstasjonen vil vere til stor
nytte for alle brukarar av løypenettet på Solseter
og Golsfjellet!.
VERSTASJON SOLSETER. TRYKK HER!
FLOTT KLUBBMESTERSKAP TYSDAG
60 DELTAKARAR!
Tysdag 9. mars vart det
avvikla klubbmeisterskap i klassisk stil. Heile 60 deltakarar møtte
opp. Dei minste fekk sine velfortente medaljer
etter rennet, medan dei litt eldre må vente til litt seinare.
RESULTAT
KLUBBMESTERSKAP KLASSISK

Sensasjonell FJERDEPLASS TIL EMILIE PÅL
nummer fire i fristil - sølv i stafetten

Emilie
Fleten følgde opp
den sterke NM-opninga med ein knallsterk fjerdeplass under junior-NM laurdag. Pål Golberg
viste samstundes bedre takter. Han vart og nummer fire, men var 1, 5
sure sekund bak Thomas Northug på bronseplasen.
Søndag revansjerte Pål seg kraftig - gjekk ei
suveren andreetappe på stafetten, og var sterkt delaktig i at
Buskerud tok NM-sølv
Sjå resultata på NM-sidene her
EMILIE IMPONERTE I NM-OP NINGA
Emilie Fleten
imponerte mest av golingane då Jr-NM i
langrenn vart opna i dag under fantastiske forhold i Markane i Stryn.
Emilie vart nr 7, men var berre tideler bak fjerdeplassen.
Rannveig Jegleim følgde fint opp med å bli
nummer 11, sjølv om ho nok var litt skuffa. Pål Golberg
hadde ingen god dag og braut, det same
gjorde Anders E. Bjåland. Lars F. Smaaberg
vart nr 120 av dei 183 deltakarane i klassen sin.
Les meir her
Sjå
resultata på NM-sidene her
VELLUKKA GOLSFJELLET RUNDT
OG GOL SKIATHLON
Golsfjellet Rundt og Gol Skiathlon vart avvikla under svært gode forhold i
dag, søndag 14. februar.
Rekorddeltaking i Golsfjellet Rundt, samt
godt ver og føre skapte ei flott ramme rundt arrangementet.
Les meir her
KOMPLETT RESULTATLISTE
RESULTATLISTE pdf-format
Stor Norgescup-helg på Hovden
Dei eldste løparane våre hadde ei stor helg
under Norgescupen på Hovden. To gull og ei
bronse, samt fleire fine plasseringar vart fasiten. Les meir her
RESULTATSIDE NC HOVDEN
RESULTAT TYSDAGSRENN
Det er so langt avvikla to tysdagsrenn med
tidtaking.
HER ER
RESULTATA
MORTEN VANN SPRINTEN I TOUR
DE SKI (RINGERIKE) - OLA NR TO I EGGEÅSRENNET
Morten Rese (G13) var ein av to golingar i
aksjon i helga. Han gjorde sine saker kjempebra, og vann
sprinten i Tour de Ski Ringerike. I tillegg vart han nummer fire i den
avsluttande klatringa i alpinbakken! Flott.
I Valdres gjekk Ola F. Smaaberg (G12) inn
til andreplass i Eggeåsrennet. Ola kjempa
mot ein av dei beste løparane i Oppland, Håkon T. Gulbrandsen, og
vart slått med drygt 15 sekund.
Resultat Tour de Ski
Ringerike sprint
Resultat
Eggeåsrennet
Resultat Tour de Ski Ringerike alpinbakken opp
PÅL HEIM MED TO GULL OG EIT
SØLV FRÅ VM
Pål Golberg vart denne
veka historisk. Med tre medaljer frå
junior-VM - to gull og eit sølv - er han unik i lagshistoria
til Gol IL. Pål dokumenterte at han kan prestere på høgstå nivå både i sprint, distanse og i stafett.
Det står det respekt av, og må markerast både av Gol IL, langrennsgruppa
og av Gol kommune!
Vi vil fylgje opp Pål sine prestasjonar så snart vi har fått bilete
frå Hinterzarten.
Les ellers fyldige reportasjar om junior-VM og Pål på
langrenn.com
REINT BORD AV JENTENE OG EMIL I KM
Kretsmeisterskapen i langrenn på Konneud og Kongsberg i helga, vart ein
styrke-demonstrasjon av dei beste løparane våre. Rannveig, Liv Birgit
og Emil tok kvar sine to fyrsteplassar, medan Emilie fekk ein andre- og ein tredjeplass. I tilegg leverte dei andre løparane våre mange gode
løp, sjølv om det ikkje vart pallplass. FLOTT INNSATS!
RESULTAT KM
KLASSISK RESULTAT KM FRISTIL
STOREFJELL NY HOVUDSPONSOR
FOR LANGRENNSGRUPPA - KJEMPETILBUD PÅ LUNSJ
I samband med at Storefjell
Høyjellshotell har blitt vår nye
hovudsponsor, kan våre medlemmer for ein svært billegg penge no nyte
flott lunsjbuffe på Storefjell.
LES MEIR HER OM DETTE FLOTTE TILBODET HER
INFO OM TILBODET VÅRT TIL
TIL ALLE HUSSTANDAR I GOL
Styret i langrennsgruppa har laga eit infoskriv
om aktivitetar og tilbod gruppa har. Skrivet er sendt til alle
husstandar i Gol, men du kan også lese skrivet her, og kanskje bli
med oss du og!
LES
INFOSKRIVET HER
SENSASJONELL NM-STAFETT AV JENTENE
foto: knut oscar fleten
Emilie,
Rannveig og Liv Birgit gjekk i dag, søndag, ein utruleg NM-stafett. Tolvteplass i seniorklassen, med to jenter som
går i nest yngste juniorklasse er utruleg bra. Liv Birgit hadde femte
beste etappetid på siste etappe, Rannveig hadde tiande beste tid på
andre etappe, og Emilie var berre drøyt
halvanna minutt bak Therese Johaug på førsteetappen! VI GRATULERER!
Sjå resultata frå stafetten her
OPPSIKTSVEKKANDE NM-PROLOG
AV PÅL
NUMMER TRE I PROLOGEN - SLÅTT UT I "KV ARTEN"
Pål Golberg gjekk ein
sensasjonell sprintprolog i senior-NM i dag fredag, og vart nummer
tre, berre slått av to av verdas beste sprintarar. Eit uheldig sporvalg på slutten av kvartfinalen øydela
dessverre seinare for Pål, og han gjekk ikkje vidare til semifinalen.
No reiser Pål til Junior-VM, der han skal gå ALLE! distansar
og er ein av fleire norske medaljehåp. Lykke til!
Liv Birgit Jorde vart nr. 38 i dameklassen.
RESULTATSIDE NM SENIOR STOKKE
KLASSESIGRAR TIL RANNVEIG
OG PÅL I RIBBERENET
Pål Golberg og Rannveig Jegleim
viste knallsterk form, og vann Ribberennet på Liatoppen
i romjula. Emilie Fleten (på biletet saman
med Rannveig) viste og god form, medan Emil Intelhus Brøto også gjekk svært bra i sin klasse.
RESULTAT
RIBBERENNET 2009
PÅL SUVERENT BEST I NORGE 
Pål Golberg er Norges suverent beste
junior-langrennsløpar.
Det betyr og at han er sjølvskreven
til junior-VM. Spar-CUP på Lillehammer denne helga var mønstringsrenn
nettopp til Junior-VM. Pål var knusande overlegen både på 10 km
klassisk (laurdag) og sprinten søndag.
Rannveig Jegleim følgde og bra opp med ein
sterk sjuandeplass på 5 km klassisk laurdag. (Biletet viser Pål
over målstreken laurdag.)
Sjå resultata her
KLART FOR
TYSDAGSRENN OVER NYTTÅR
Tysdag 5. januar 2010 startar
tysdagsrenna oppatt. Ta med skia og ungane og møt opp på Solseter rett etter jule- og nyttårsfeiringa.
NB! Det er nydelege forhold på Solseter no
og, så det er berre å ta turen i jula og!
Les info og
liste over "funksjonærar" her
FLOTT GOLRENN MED SUPRE
FORHOLD
Dei flotte forholda på Solseter
under Golrennet i dag,.overraska nok mange av dei tilreisenda frå meir snøfattige
strøk.
Rennet vart godt avvikla, og også i dag med fleire gode lokale
prestasjonar. I dag var det likevel Kjetil Andre Bjerkrheim frå
Nesbyen som imponerte mest. Han utklassa konkurrentane, og slo mellom
anna Norges beste 17-åring Sondre Fossli klart.
Sjå resultata frå Golrennet 2009 her
Mange klassesigrar i Gravsetrennet
Gravsetrennet vart avvikla i dag, laurdag
5. desember. Løparane våre slo til med fleire imponerande
klassesigrar og plasseringar. Emil, Rannveig (biletet)., Emilie,
Anders og Liv Birgit viste svært solide takter iløypene
i Hemsedal.
Resultat: PDF Html
|