|
Golsfjellet Rundt-jubileum med
rekorddeltakinG

Golsfjellet Rundt markerte 25års-jubileum
med rekorddeltaking
og flotte forhold for løparane. Heile 270
løparar tok turen rundt fjellet. Kristen Åby
vann som i fjor, men var berre eit sekund
før Per Øyvind Mythe frå
Hemsedal denne gongen.
Samstundes
med Golsfjellet Rundt gjekk Gol
Skiathlon. Her var det 70 løparar, flest i
dei yngre klassene mellom anna på grunn av
norgescupen på Hovden.
Fleire av løparane våre gjekk flotte løp.
Både Morten, Kari og Ola tok fine
andreplassar, og ikkje minst synst løparane
det var kult med skibyte…..
Arrangementet vart som vanleg strøkent
arrangert, takka vere alle friviljuge som
stilte opp både før, under og etter rennet
søndag.

|
|
|
|
|