Treningsplan NY 10.01.2010
Aktivitetstilbod 2010
Terminliste
Styret og verv

Tysdagsrenn 2011  NY!
Styremøte Oppdatert pr 01.11.10!
Refusjonsrutiner
Ansvarshavande
PREPARERTE SKILØYPER

VERSTASJON

 

 

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

STOR LANGRENNSHELG


Rannveig og Emilie viste veg

Under junior-NM i Selbu var det Emilie Fleten som viste veg med ein flott 12-plass på ein knallhard 15 km friteknikk. Sidan ho går i klasse 19-20 år konkurrerer ho mot mange som er eit år eldre. Av 19-åringane var ho tredje best.
Rannveig gjorde og eit brukbart renn fredag, men slo kraftig tilbake med ein niandeplass på 5 km klassisk laurdag, berre 27 sekund bak vinnaren. Sterkt!
Søndag bidrog Emilie og Rannveig sterkt til at Buskerud sitt fyrstelag vart nummer 7 i stafetten.
Lukta lunta
Då Pål gjekk inn til andreplass på prologen i Lathi søndag formiddag var det nok fleire som lukta lunta. Blir dette Pål sin dag?
Med andreplass i kvarten og siger i semifinaleheatet var han klar for sin fyrste verdscupfinale, og spenninga var til å ta og føle på i heile Gol. Etter ein litt forsiktig fyrste del, viste Pål fantastisk skiteknikk i den berykta Lahti-svingen, suste forbi Jon Kristian Dahl og staka seg inn til ein sensasjonell tredjeplass. Prestasjonen vart eit av dei store samtalemna, og sprinttrenar Ulf Morten Aune kunne på direkten - nesten - love Pål landslagsplass neste år.
Emil nære på i Ungdomsbirken
Litt tidlegare på morgonen gjekk Emil Intelhus Brøto Ungdomsbirken frå Sjusjøen til Lillehammer. I klasse gutar 13 år stilte 300 løparar til start. Emil gjekk i mål fem sekund bak vinnaren på ein utruleg sterk tredjeplass. Emil har gått betre og betre utover i sesongen - dette var nok eit høgdepunkt so langt. Snart er det Ungdommes Holmenkollrenn.....
Både Kari Rese Magnetun (53 av 162) og Morten Rese (85 av 263) gjekk svært solide løp. Flott innsats.

Resultat Ungdomsbirken 2011

Resultatside Junior-NM 2011 friteknikk

Resultatside Junior-NM 2011 klassisk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 

 

Forslag til endringar/forbetringar? send post til webmaster